Blogg

Trafikalt Grunnkurs

Trafikalt grunnkurs
Fossedal Trafikkskule
Anita Bjørkedal
Publisert

Kven treng Trafikalt grunnkurs?

Alle må ha Trafikalt grunnkurs før ein kan starte øvingskøyring privat eller ved skule. For å ta Trafikalt grunnkurs må du vere fylt 15 år.

(*Er du over 25 år kan du øvingskøyre utan Trafikalt grunnkurs og treng berre Førstehjelpskurset og Trafikant i mørket)

Obligatorisk

Trafikalt grunnkurs er eit obligatorisk kurs for alle under 25 år som skal ta førarkort for første gang. Heile kurset (inkludert Trafikant i mørket) er på 5 kveldar, 17 obligatoriske timar.

Målet

med Trafikalt grunnkurs er å gje deg oversikt og innblikk i førarrollen, og ein grunnleggande forståing for trafikk og spelereglar slik at du er godt rusta til å starte øvingskøyring.

Tek du kurset i perioden 15.mars til 1.november kan du berre øvekøyre i dette tidsrommet og må ta igjen mørkekøyringsdelen når «mørketida» kjem. Vi held mange grunnkurs i løpet av året, og kursdelen «Trafikant i mørket» er i tidsrommet 1. november til 15.mars.

Kursbevis

Ved fullført kurs får du eit bevis som gir deg rett til å øvekøyre. Beviset finn du ved å logge inn på «Din side» hos Statens Vegvesen. Sørg for å ha beviset med deg når du øvekøyrer (elektronisk eller utskrift), du må òg ha med gyldig legitimasjon med bilde.

Bestill kurs

Finn ledig tid for Trafikalt grunnkurs i vår bookingkalendar på heimesida eller fyll ut kontaktskjema (på heimesida) for å komme på venteliste. Kurset vert halde i vårt klasserom her på trafikkskulen.

Sjåast i klasserommet!